Smak

Frå Wikiquote




Smak er evna til å kjenna att ulike stoff ved hjelp av tunge, gane og svelg, eller eigenskapane i mat eller drikke som gjev ein viss smak. I overført tyding kan det visa til sans for kulturelle ting, som kunst, musikk, klede, innreiing og tidsfordriv.

Sitat[endre]

Opphavleg tekst:
«De gustibus non disputandum.»

Informasjon

Latinsk ordtak


Opphavleg mål: Latin
Seinare bruk

Sitert som «There is no disputing about taste» av Laurence Sterne i The Life and Opinions of Tristram Shandy, Gentleman (1760-1767). Også sitert av Jeremy Taylor i Reflections upon Ridicule (1707).

Ordtaket blir også brukt i Brødrene Karamasov (1880) av Fjodor Dostojevskij.

I skodespelet Måken (1895) av Anton Tsjekhov blandar ein figur i hop dette uttrykket og «de mortuis, aut bene aut nihil» (om dei døde, anten godt eller inkje). Resultatet er «de gustibus aut bene, aut nihil», 'om smak, la inkje bli sagt bortsett frå det som er godt.»
Sjå òg
Stikkord
smak
diskusjonar
«Smak og behag kan ikkje diskuterast.»
«De Gustibus», bakeri i Borough i England.


«Smak og behag kan ikkje diskuterast.» Latinsk ordtak


Teke frå SNL.no
Opphavleg tekst:
«Chacun à son goût.»

Informasjon

Fransk ordtak

Seinare bruk
Sitert i Barselstuen (1723) av Ludvig Holberg: «Ja, ja, jeder mand sin lyst».
Sjå òg
Stikkord
smak
lyst
«Kvar si lyst»
Godteributikk i Aberteifi/Cardigan i Wales.


«Kvar si lyst» Fransk ordtak


Teke frå Wikisource
Opphavleg tekst:
«Certainly our Countrymens pallates are become as Fantastical as their Brains; how ellse is't possible they should Apostatize from the good old primitve way of Ale-drinking, to run a whoring after such variety of distructive Foreign Liquors, to trifle away their time, scald their Chops, and spend their Money, all for a little base, black, thick, nasty, bitter, stinking, nauseous Puddle-water»

Informasjon

Tillagt kvinner frå London
Kjelde:The Women's Petition against Coffee (pamflett)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1672
Kontekst: The Women's Petition against Coffee blei gjeven ut anonymt, signert «By a Well-willer». I sjølve teksten blei opphavsmennene presentert som «The Humble Petitions and Address of Several Thousands of Buxome Good-Women, Languishing in Extremity of Want.» Det er usikkert om det i det heile var kvinner som stod bak pamfletten. Han blei seinare svart på av The Men’s Response to the Women’s Petition Against Coffee. laphamsquarterly.org

Stikkord
kaffi
vanvit
drikking
øl
menn
endring
smak
sløsing
«Visst er ganane til våre landsmenn blitt like vanvittige som hjernane deira. Koss er det elles mogleg at dei har blitt kjettarar mot den gode gamle primitive øldrikkinga, og heller hora rundt etter slik ei blanding av øydeleggjande utanlandske drikkar, å fordriva tida, skålda munnane og sløsa bort pengane sine, berre for litt forderveleg, svart, tjukt, fælt, bittert, stinkande og kvalmande sølevatn.»
Sitjande tyrkar med kaffikopp. Porselensfigur frå omlag 1770.


«Visst er ganane til våre landsmenn blitt like vanvittige som hjernane deira. Koss er det elles mogleg at dei har blitt kjettarar mot den gode gamle primitive øldrikkinga, og heller hora rundt etter slik ei blanding av øydeleggjande utanlandske drikkar, å fordriva tida, skålda munnane og sløsa bort pengane sine, berre for litt forderveleg, svart, tjukt, fælt, bittert, stinkande og kvalmande sølevatn.» (Tillagt kvinner frå London)